Vedlikehald langs kommunale vegarDet pågår kantslått langs kommunale vegar i Stad kommune. Kantslåtten starta opp i veke 25 aust i kommunen og fortsett vestover.I slutten av veke 27 held kantslåtten på i Bryggja-området.I veke 28 vert det starta med kantslått på Flatraket, Venøy, Barmen, Salt, Berge og Selje. Dei som har hekk nær inn til kommunal veg må om nødvendig markere desse så dei ikkje vert klipte av kantslåttmaskina. Hjelp oss med å skape god trafikktryggleikKommunalteknikk arbeider for at det skal vere trafikksikkert og trygt å ferdast i Stad kommune, men treng hjelp til å sikre at vegetasjon på privat eigedom ikkje hindrar sikt. Vi oppmodar deg derfor om å sjekke eigedomen din og klippe det som er naudsynt. - På den måten bidreg også du til eit trafikksikkert lokalmiljø.Sjå rettleiaren her om reglane for fri sikt ved avkøyrsle. (PDF, 799 kB) Publisert 16.06.2025 12.26 Sist endra 03.07.2025 15.11