Vintervedlikehald av veg

Stad kommune jobbar på for å halde dei kommunale vegane så trafikksikre som mogeleg gjennom vinteren, og brøytar/strør dag og natt ved behov. 

Vi oppmodar om å berekne god tid når du skal ut å ferdast på krevjande vinterdagar med mykje snø.

Korleis prioriterar vi brøyting og strøing av kommunale vegar?

Brøytemannskapet prioriterar i første rekkje vegar og område kring offentlege og kommunale bygg som institusjonar, barnehagar og skular, samt ferdselsvegar, fortau, gang-/sykkelvegar i sentrum. I dei meste hektiske periodane kan det vere at vi ikkje rekk over alle vegar med lågare prioritet. Vi håpar på forståing for dette når snøbyene står på som værst. 

  • Stad kommune utfører sjølv brøyting og strøing i sentrum Selje og Nordfjordeid
  • I bygdene elles vert brøyting og strøing utført av entreprenørar
  • Kommunen har brøytevakt på kommunale vegar og er i beredskap heile døgnet. Treng du å ta kontakt om brøyting eller glatte vegar, kan du ringe brøytevakta direkte. Dei svarar straks dei har moglegheit.
    Tlf. 948 19 734.


Sjå kart over prioriterte vegar / område på Nordfjordeid

Kommunen har tre køyretøy som blir brukt på 4 roder (område). Institusjonar som Hogatunet der det er folk heile døgnet kjem før barnehagar, skular og idrettsbygg. Tilgang til barnehagar vert prioritert pga tidleg opningstid.

Brøytekart: 

Andre brøyteområde/roder på Nordfjordeid:

For at vi elles skal gjere ein god jobb 

  • unngå å parkere slik at du står til hinder for brøytebilen og husk at brann- og renovasjonsbilar treng 
    minimum tre meter breidde for å komme fram
  • sjå til at gjerder, hekkar, tre, garasjar og andre innretningar på naboeigedom til kommunal veg tåler konsekvensane av normalt vintervedlikehold
  • fjern tre og anna vegetasjon går ut på trafikkareal
  • rydde bort snø på fortau mot offentleg stad og strø areala når det er glatt
  • ha aksept for at snø frå kommunal veg vert brøyta inn i private avkøyrsler
  • ikkje brøyt snø frå fortau, private vegar og avkøyrsler ut i offentleg veg

Unngå leik ved vegar og parkering

Stad kommune oppmodar alle vaksne om å snakke med borna sine om farane ved å lage snøholer ved veg/parkering og leike i desse, eller å ake i brøytekantane og på offentlege vegar.

  • Hjelp gjerne borna å finne andre kjekke stadar for leik! 
  • Ved store snøfall vil det ta lenger tid enn normalt før alle vegar er ferdig brøyta
  • Vis omsyn til mannskap som utfører brøytinga. Det skal ikkje parkerast i vegbana slik at brøyting vert hindra, jf. vegtrafikklova § 37 pkt b.
  • Hald god avstand til brøytemaskiner
  • Ikkje legg snø frå private areal ut i vegbana – dette er forbode jf. Veglova §57
  • Vis omsyn i vegkryss med dårlig sikt pga. snø. Desse vil bli rydda etter snøfallet
  • Sko køyretøya etter forholda, jf. forskrift om bruk av køyretøy
  • Ved snøbrøyting vert snø også ført inn i private avkøyrsler. Det er då ikkje lov å føre snøen tilbake til veg eller fortau. Veglova slår fast at avkøyrsleeigar er ansvarleg for vedlikehaldet av avkøyrsla til sin eigedom. Dette gjeld og fjerning av snø.
  • Det er ikkje lov å legge snø på offentleg trafikkareal (fortau/ vegbane) etter rydding av eiga avkøyrsle, jf Veglova §57.
  • Husk å rydde snø slik at du har god sikt til begge sider i avkøyrsla di mot offentleg veg

 

Med helsing

Stad kommune, kommunalteknikk

Artikkelliste