Tilknytning til offenteleg vatn- og avløpsnett

Tilkopling av eigedommen til offentleg vatn og avløp må vere godkjent av kommunen på førehand. 
Du må søkje både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling.

1. Alle tiltak på vatn og avløpsnettet skal godkjennast av kommunen og skal  levert skriftleg i form av søknad (link). Dette gjeld også arbeid på privat grunn.

2. Skjema skal vere utfylt av ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar er røyrleggar eller bedrift med kompetanse på legging og kopling av røyr. 

3. Ved ny tilknyting skal også tilknytingsavgift vere betalt før ein kan knyte seg til det kommunale leidningsnettet. 

4. Det må leggast ved skisse av planlagt tiltak.

5. Graving på kommunal grunn krev graveløyve.  Det må sendast inn eigen søknad på dette. 

6. Graving på annan manns grunn krev godkjenning frå grunneigar. 

Her kan du skrive ut  dokumentet for tilknytning (PDF, 153 kB)