35 frå Stad kommune har fullført Velferdsteknologiens ABC våren 2024

USHT og E-helse Vestland står som arrangør for Velferdsteknologiens ABC i Sogn og fjordane, og har for andre året på rad hatt regional oppstart på Nordfjordeid for nærliggande kommunar. Velferdsteknologiens ABC er ei nasjonal grunnopplæring om velferdsteknologi som går over eit halvt år. Vi starta i september 2023 med oppstartssamling, deretter seks gruppesamlingar i eigen kommune, og til slutt felles avslutningssamling.  Bildet er frå  avslutningssamling som vart gjennomført 07.05.24 på Nordjord Hotel. Fire (bak til høgre i bildet) er frå Stryn kommune, resten er frå Stad kommune.

For andre året på rad deltek ei stor gruppe frå Stad kommune på Velferdsteknologiens ABC, og i år har 35 tilsette frå ulike einingar har fullført ABC`en. Tilsaman har no 80-90 tilsette i Stad kommune fått auka kunnskap om kva velferdsteknologi er, kva brukargrupper som kan vere aktuelle, etikk, lovverk, organisering og drift. Som prosjektleiar for velferdsteknologi i Stad kommune er eg stolt av kommunen sine leiarar som satsar på dette store kompetanseløftet og alle dei tilsette som har delteke på ABC`en

Annette Eri Norevik, nettverkskoordinator i KS, hadde innlegg om «Velferdsteknologi til barn, unge og vaksne med medfødt eller erverva nedsett funksjonsevne (BUV)».

Kjell OIav Bondevik, tidlegare nettverkskoordinator i KS, no Luster kommune) hadde innlegg om digitalisering, endring av roller, lokaliseringsteknologi og etiske refleksjonar rundt dette.

Hilde Barmen, prosjektleiar i Stad kommune, presenterte ulik teknologi som er tatt i bruk i Stad kommune, og hadde eige innlegg om Digital heimeoppfølging (DHO).

Stad kommune har tatt i bruk:

  • Digitale tilsyn med ulike sensorteknologi
  • Elektronisk medisineringsstøtte
  • Lokaliseringsteknologi
  • Tryggleiksalarmar
  • Digital heimeoppfølging
  • Prosjektoppstart på e-låser