Barnevernstenesta treng besøksheimar og tilsynspersonar

Vi ønsker å kome i kontakt med familiar/enkeltpersonar som ønsker denne type oppdrag.

Besøksheim

Som besøksheim har du eitt eller fleire barn på besøk ettermiddag/helg. Du treng ikkje formell kompetanse, men må ha eigenskapar som skapar tillit og tryggleik hos barnet som skal vere på besøk. Du inkluderer andre i eigen kvardag og familieliv, har hjarterom og husrom til fleire, samt vekslar mellom aktivitet og avslapping. Barnet skal vere ein del av ditt vanlege familieliv. Det kan og vere aktuelt å følgje barnet på sine aktivitetar. Alle typar familiar er aktuelle - det viktige er at du/dokke matchar barnet som skal kome på besøk. 

Tilsynsperson

Som tilsynsperson skal du føre tilsyn med barn som bur i fosterheim. Det krevst ikkje formell kompetanse, men erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Formålet er å sikre at barnet får tilfredsstillande omsorg i fosterheimen. Du skal besøke barnet i fosterheimen minimum fire gongar i året.

Krav til deg

  • Du må levere politiattest. For besøksheim gjeld det alle vaksne i heimen, samt at du kan bli bedt om å legge fram helseattest
  • Du må vere personleg eigna
  • Vi ønsker at du kan stå i oppdraget over tid 

Andre opplysningar

Både besøksheim og tilsynspersonar er tidsavgrensa oppdrag. Vi må godkjenne deg som besøksheim/tilsynsperson opp mot det enkelte barn. 

Besøksheim - omfang og oppdragsperiode avheng av behov hos det enkelte barn. Løn etter KS sine gjeldande satsar for besøksheim.

Tilsynspersonar ønsker vi står i oppdraget så lenge barnet bur i fosterheim/til barnet fyller 18 år. Løn etter avtale. 

Sakshandsamar i barnevernstenesta føl opp og rettleiar både besøksheimar og tilsynspersonar.

Kontakt

Dersom du ønsker meir informasjon/er interessert i oppdrag – ta kontakt med einingsleiar Britt Remme, telefon 950 78 876.

Barnevern - Hovedportal (stad.kommune.no)