Bli med på prosessverkstad for UKL Stadlandet!

Stad kommune arbeider no med ein formidlingsplan for utvalde kulturlandskap (UKL) på Stadlandet. 22. og 23. november ønsker kommunen velkomen til prosessverkstad for å få innspel til planen.

  • Kva kjenneteiknar områda Hoddevik, Drage og Austmyr, Liset, Skårbø, Årdalen, Indre og Ytre Fure?
  • Korleis har folk her livnært seg i tidlegare tider, og kva lever vi av i dag?
  • Korleis kan vi formidle historia og landskapet til framtidige generasjonar?
  • Og korleis kan vi legge til rette for gode besøksopplevingar, og samtidig ta vare på det sårbare kulturlandskapet?
     

Dette er nokre av dei spørsmåla vi ønskjer å få svar på når vi no startar opp arbeid med formidlingsplan for utvalde kulturlandskap (UKL) på Stadlandet. Planen skal vere ferdig i februar 2024, og m.a. danne grunnlag for skilting, brosjyrar, vertskap og annan formidling og tilrettelegging for besøkande i UKL-området. 

Vi inviterer til to prosessverkstader på Stad hotell for å få innspel til planen:

Onsdag 22. november kl 19-21: For grunneigarar

Torsdag 23. november kl 19-21: For reiseliv, næring, lag og organisasjonar, fastbuande og andre interesserte

Kristian Bjørnstad skal leie arbeidet med formidlingsplanen. Han er utdanna samfunnsvitar og pedagog, og har lang erfaring frå arbeid med stadformidling og besøks-opplevingar. Han jobbar til dagleg som leiar for Norske Parkar. 

Tonje Ramse Trædal, prosjektleiar og fagleiar for kulturarv har ansvar for prosjektet i Stad kommune.

Portrettbilde av Kristian Bjørnstad - Klikk for stort bilete

Svar gjerne på vår uformelle undersøking om stadkjensla på Stadlandet her:

QR-kode - Klikk for stort bilete