eDialog - send post til kommunen på ein sikker måteStad kommune har teke i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei er unnateke offentlegheita.Send sikker post til Stad kommuneMange sender dokument til kommunen via e-post. E-post kan vere ein usikker kanal, e-poster kan stoppast i spamfilter eller ikkje komme fram av andre årsaker. Ved å nytte tenesta eDialog, kan du no sende oss dokument via ein sikker kanal. Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss!Slik fyller du ut skjemaetVelg om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummeret dersom dette er kjentKommentar: Gje ev. ein utfyllande beskriving av forsendelsen dinHusk å laste opp relevante vedlegg som (inntil videre) må vere i PDF-formatKlikk på "Send" - førespurnaden blir kryptert og sendt direkte til vårt sak/arkivsystemDu får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks)Lenkjer til sending via eDialogSend brev sikkert til Stad kommune via eDialogSend brev sikkert til barnevernstenesta via eDialogFordelen med å bruke eDialog Du sende informasjon gjennom ein sikker kanalDet gir ein sikker identifikasjon av kven som er avsendarInnsendt post blir sendt rett inn i vårt sak/arkivsystemVi anbefalar deg å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er unnateke offentlegheita.E-post kan framleis brukast for enkle spørsmål og førespurnader som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem.Du skal ikkje bruke eDialog dersomKommunen har elektroniske skjema til formålet, f.eks. søknad om barnehageplass, søknad om stilling m.m. Klikk for oversikt på alle våre digitale skjema.Førespurnaden gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hos oss, då kan du kan sende e-post til post@stad.kommune.noKontaktinformasjonBesøksadresse: Rådhusvegen 11, 6770 NordfjordeidTelefon: 57 88 58 00 E-post: post@stad.kommune.noDu kan også treffe oss på innbyggjartorget i Selje. Selje kommunehus, Nabben 80, 6740 Selje Publisert 19.01.2021 12.14 Sist endra 29.07.2024 11.14