Velkomen til digitalt innspelsmøte om kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett vil vere førande for Stad kommune sine prioriteringar og satsingar innanfor dette området. 

Innspelsmøte 19. august

Stad kommune inviterte til eit digitalt innspelsmøte om kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett. Følgande innspel vart drøfta under møte:

  • Ønskje om meir forutsigbarheit i samband med rullering av handlingsprogrammet knytt til spelemidlar; ønskje om å revurdere rutinane og høyre med Vestland fylkeskommune korleis andre kommunar gjere det. Merknad frå kommunen: Kommunen skal følgje det opp med fylkeskommunen og skal kome med eit forslag om korleis vi kan forbetre rutinane. Lagt inn som tiltak i planen.  

 

  • Viktig med gode uteområde ved barnhagar og skular; ønskeleg med opne gymsalar og at ein jobbar for redusert halleige, helst gratis. Merknad frå kommunen: Dette vert vurdert er tatt  med som tiltak i planen. Dette er også dekka gjennom andre planar som kulturplanen.

 

  • Spelemidlar – forskottering skal vere kostnadsfri; (rente, gebyr og mva) Merknad frå kommunen: Dette vert tatt med som tiltak i planen.

 

  • Burde det kome tydlegare fram kva kommunen prioriterer i planperioden? Merknad frå kommunen:  Dette skal vi jobbe med, og sjå på korleis vi kan få betre fram kva kommunen satsar på i planperioden.  

 

  • Positiv til «frionsdag» på barneskulen som kan bidra til auka fysisk aktivitet blant unge. Dagane kan bli brukt som skidagar på Harpefossen eller likande. Merknad frå kommunen: Vi tek dette vidare til ansvarleg sakshandsamar som innspel. Saka vert handsama i september.  

 

  • Stadlandet manglar universell utforma tursti. Merknad frå kommunen: Dette er relevant som innspel til handlingsplanen og er innafor spelemiddelordninga.

 

  • Viktig å jobbe for finansiering av vedlikehaldstiltak for turstiar. Merknad frå kommunen: Vert tatt med som tiltak i planen. 

Offentleg høyring


Planen ligg ut til offentleg ettersyn for å sikre at innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre interessentar får høve til å uttale seg før endeleg vedtak. Alle er velkomne til å gje sine innspel til planforslaget innan 21. august 2024.

Framlegg til høyring_KDP for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett 2024-2035 (PDF, 3 MB)

Kunnskapsgrunnlag_fysisk aktiv i Stad_juni 2024 (PDF, 3 MB)

Framlegg til planen og kunnskapsgrunnlag vart oppdatert i tråd med Stad formannskapet sitt vedtak. Utfyllande informasjon i politisk sak: F - 24/088

Om du har synspunkt på planforslaget, oppmodar vi deg om å sende ei skriftleg uttale slik at dine synspunkt kan bli vurdert før endeleg vedtak. 

Kva ønsker vi innspel på?

Vi ønsker tilbakemeldingar på innhald og prioriteringar. 

  1. Har vi fanga opp dei viktigaste utfordringar og moglegheiter i utviklingstrekket?
  2. Er måla, innsatsområda og strategiane riktige for å møte utfordringsbildet? 

Vi set pris på at du les planforslaget og kunnskapsgrunnlaget og nyttar det som grunnlag for å kome med innspel.

 

Du kan også gje skriftleg innspel til planforslaget via

Elektronisk innspelsskjema

  • E-post: Merk med uttale til forslag til kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett 2024-2035, send til post@stad.kommune.no
  • Brev: Merk med uttale til forslag til kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett 2024-2035, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Takk for at du bidrar med dine innspel.

Vidare behandling

Når fristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planen vert lagt fram for endeleg behandling til sommaren.

Kontakt

Mirjam Kreisel
E-post
Mobil 46 88 65 17