Høyring av formidlingsplan for Utvalde kulturlandskap

Plan for formidling knytt til UKL-område på Stadlandet er lagt ut på høyring med høyringsfrist 2. april.

Stadlandet er eitt av 51 nasjonalt Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Dette er særeigne kulturlandskap der ein har tatt vare på naturmangfald, kulturhistorie og jordbruksdrift gjennom tradisjonelle bruksmåtar kombinert med vår tids bygdeliv. Verdiane i desse områda er avhengige av at dei framleis er i bruk. Stad kommune forvaltar ei tilskotsordning frå Landbruksdirektoratet til dei som held dette landskapet i hevd.  

Formidling av desse landskapa er viktige for å skape forståing for- og gi kunnskap om dei verdiane som finst her, både for fastbuande og tilreisande. I tillegg kan ein gjennom god formidling og tilrettelegging styre besøket slik at det ikkje er i konflikt med eller til skade for landskapet ein skal forvalte.  

Stad kommune har no utarbeidd ein formidlingsplan for Utvalde kulturlandskap på Stadlandet. Planen tek utgangspunkt i «heritage interpreatation» eller natur- og kulturrettleiing, som er ei kreativ tilnærming til historieforteljing, planlegging, guiding og vertskap. Formålet er å identifisere dei verdiane som finst i området gjennom stadanalysar, og å skape autentiske besøksopplevingar gjennom lokale partnarskap og involvering. Planen er utarbeidd av Kristian Bjørnstad, som er dagleg leiar for Norske Parker.  

Formålet med planen er å legge grunnlag for framtidig formidling og besøksforvaltning i Stadlandet UKL-område gjennom å identifisere og analysere formidlingstema, målgrupper, media og formidlingskanalar, tilrettelegge informasjon og kanalisere besøk dit det er ønskeleg. Planen vil bli nytta av Stad kommune i det vidare formidlingsarbeidet i UKL-området, og kan òg vere til nytte for andre aktørar i området som ønskjer å drive med formidling.  

I planprosessen har vi hatt fleire innspelsrunder, synfaringar og formidlingsverkstader for grunneigarar, næringsliv og andre. Vi sender no planen ut på høyring til dei som har vore involverte i prosessen, samt andre relevante partar. Planen blir lagt fram for vedtak i Stad kommune i mai 2024.  

Vi ber om at høyringsinnspel til planen blir sendt via vårt digitale skjema for innspel eller til vår sikker digitale postkasse innan 02.04.2024, merk innspelet med 24/11523. 

Offentleg høyring - Formidlingsplan Utvalde kulturlandskap Stadlandet - Høyringsfrist 02.04.2024