Informasjon om jonsokbål

Jonsokbål 2024

Det nærmar seg jonsokfeiring, og fleire har spørsmål knytt til reglane rundt bålbrenning.

Gjennom Stad kommune sin lokale forskrift er det satt eit generelt forbod mot all brenning  som skjer utandørs. 
Jonsokbål av reint trevirke er likevel tillate fyrstkommande helg. Opparbeida bålplass skal ryddast etter bruk.

Det er liten fare for skogbrann på vestlandet no.  Alle som tenner jonsokbål må likevel vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår.

Vi ventar på eit nytt kartsystem for innmelding av bålbrenning til kommunen. 
I påvente av nytt system er det ikkje naudsynt med tilbakemelding til brannsjefen om kvar det blir brent jonsokbål i år.

Vi ynskjer alle ein fin jonsokfeiring!

Tips til trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
  • Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for brannsikkerheita.
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan slokke ved behov.
  • Ha egna slokkemidlar lett tilgjengeleg.
  • Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna avfall.
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt slokka.