Jodtablettar ved atomhendingar

Informasjon om jodtablettar knytt til beredskap.

Det er tilrådd som ein del av den generelle eigenberedskapen å ha jodtablettar lagra heime.

Jodtablettar er eit aktuelt beskyttande tiltak ved atomhendingar med utslepp av radioaktivt jod. Målgruppene er barn og  unge under 18 år, gravide og ammande sidan det er desse som har størst risiko for helseskade ved eit eventuelt utslepp av radioaktiv jod. Ved svært alvorlege ulykker kan også vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) følgjer situasjonen i Ukraina nøye, og opplyser at det på grunn av den store geografiske avstanden er svært lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Norge. DSA sitt generelle råd - uavhengig av krigen i Ukraina - er at alle under 40 år bør ha jodtablettar lagra heime.

Jodtablettar er til sals reseptfritt i apotek. I samband med situasjonen i Ukraina opplever mange apotek auka etterspurnad og at dei er mellombels utselde for jodtablettar. DSA opplyser at det den næraste tida vert sendt ut store mengder jodtablettar til grossistar og apotek.

Sjølv om jodtablettar er til sals reseptfritt i apotek, skal kommunane ha eit system for mogeleg utdeling av jodtablettar til innbyggjarane i dei mest sårbare gruppene (barn og unge under 18 år, gravide og ammande). Stad kommune har eit lager av jodtablettar som kan delast ut til desse gruppene etter råd frå myndigheitene. Ved ei atomhending vil jodtablettar verte utdelt til barn og unge gjennom barnehagar og skular i kommunen. Gravide og ammande vil kunne få jodtablettar utdelt ved næraste helsestasjon. Tablettar vil berre verte utdelt dersom ei atomhending inntreff. Kommunen kan ikkje dele ut tablettar til oppbevaring i beredskap i heimane.

Jodtablettar skal berre takast etter råd gitt frå styresmaktene. Ved ei atomulukke vil det mellom anna koma råd via media og nettsidene til DSA.

Meir informasjon finn du på nettsidene til