Kartlegging av naturmangfald i Prestevika på Nordfjordeid

Den 20. juni blir det gjennomført kartlegging av naturmangfald i sjø i Prestevika på Nordfjordeid.

Bilde av planområdet i Prestevika - Klikk for stort biletePlanområdet i Prestevika

Torsdag 20. juni vil to biologar frå Norconsult gjennomføre kartlegging av marint naturmangfald i Prestevika på Nordfjordeid, i samband med detaljregulering for nytt reinseanlegg på Nordfjordeid. 

Biologane nyttar båt og undervasskamera til kartlegginga og vil særleg undersøkje den registrerte forekomsten av ålegras.

Seinare i sommar (august) vil dei gjennomføre kartlegging av naturmangfald på land i det same planområdet, og vil då særleg leite etter forekomstar av plantearten flikmelde. 

Undersøkingane dekker heile planområdet som er vist med stipla linje på kartet under, der det var meldt oppstart av planarbeid i juni 2023.

Kart som viser planavgrensing for detaljregulering for Mel reinseanlegg, der det var varsla oppstart i juni 2023.  - Klikk for stort biletePlanavgrensing for detaljregulering for Mel reinseanlegg, der det var varsla oppstart i juni 2023.