Kulturprisar 2024

Kvart år delar Stad kommune ut kulturprisen og Ungdomens kulturpris. No kan du nominere kandidatar! 

Du kan sende inn dine nominasjonsforslag anten som privatperson eller på vegne av ditt lag, gruppe eller nominasjon. Forslaget må vere grunngjeve, og fristen for å nominere kandidatar er 1. november 2024. Du nominerer kandidatar ved å bruke det digitale skjemaet du finn nedst på sida. 

Tildelinga av kulturprisane blir offentleg når det faste utvalet for kultursaker har treft vedtak i saka, og blir utdelt i samband med det siste kommunestyremøtet før jul.

Kulturprisen

  • skal vere ein heider til mottakar og ei støtte for arbeidet med kunstnarleg og kulturell verksemd i kommunen.
  • kan gjevast til ein person, eller i særlege høve delast mellom fleire personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. 
  • er sett saman av ein pengesum, blomster og ein diplom.

Ungdomens kulturpris

  • skal stimulere til vidare satsing, og skal vere med å dekkje utgifter i samband med konkurransar, samlingar, utdanning eller andre oppgåver.
  • kan tildelast ein utøvar, delast på fleire kandidatar, ei gruppe av utøvarar eller til ein ungdomsleiar som har oppnådd ein prestasjon, eit resultat eller eit nivå som er utanom det vanlege innan kulturlivet i kommunen.
  • skal gjevast til personar eller institusjonar heimehøyrande i Stad kommune. Mottakar av Ungdomens kulturpris må vere under 25 år og må vere busett i Stad kommune. For grupper må gjennomsnittsalderen ikkje vere over 25 år.
  • er sett saman av ein pengesum, blomster og ein diplom.

 

Nominer kandidatar til kulturprisane her!

Merk at du treng bankID for å kunne fylle ut skjemaet. 

Fristen for å nominere kandidatar er 5. november 2024. 

Idrettsprisen

Stad idrettsråd har sidan opprettelsen av idrettsrådet i 2020, delt ut idrettsprisen, slik tradisjonen var i Selje kommune. 

Prisen skal gå til ein utøvar som har utmerka seg innanfor si idrettsgrein, eller til personar eller lag som over tid har lagt ned ein stor innsats for idretten i sitt lokalmiljø. Prisvinnaren må vere heimehøyrande i Stad kommune. Det er Stad idrettsråd som fattar vedtak i saka. 

Prisen er på kr. 10 000,- og blir delt ut i samband med det siste kommunestyremøtet før jul. 

Du kan nominere kandidatar som du meiner er verdige mottakarar av denne prisen. Send eit grunngjeve forslag til Stad idrettsråd på stad.idrettsrad@gmail.com 

Fristen for å nominere kandidatar er 5. november 2024.