Kunngjering av planvedtak - Detaljregulering for Leikanger sentrum

Stad kommunestyre vedtok i møte 07.03.2024 saknr.24/039 Detaljregulering for Leikanger sentrum. 

Vedtak i kommunestyret for KS 24/039: 

Detaljregulering for Leikanger sentrum vert vedteken i medhald av Plan- og bygningslova § 12-12. Detaljregulering for Leikanger sentrum avløyser følgjande reguleringsplanar: 

· 1441197701 – Leikanger sentrum, vedtaksdato 24.03.1977 

· 1441197705 – Leikanger – ved kyrkja, med mindre vesentleg endring, vedtaksdato 12.05.1977 

· 1441198101 – Leikanger – aust for yrkja, med endringar, vedtaksdato 17.02.1981 

· 1441200301 – Leikanger sentrum, vedtaksdato 17.12.2003 

 

Ovanfornemnde planar vert oppheva i medhald av Plan- og bygningslova § 12-14. 

Vedtak av detaljregulering for Leikanger sentrum kan påklagast i medhald av Plan- og bygningslova § 1-9. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere redaksjonelle endringar av plandokumenta før kunngjering av vedtak.

 

Vedtaket av Detaljregulering for Leikanger sentrum kan påklagast i medhald av Plan- og bygningslova § 1-9. De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området. Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

Kartutsnitt Leikanger sentrum

 

Saksdokument 

Plandokumenta er tilgjengelege her. Plandokumenta vil i tillegg vere tilgjengelege på kundemottaket på Stad Rådhus og i innbyggjartorget på kommunehuset i Selje i perioden fram til klagefristen går ut. 

Her finn du vedtak og saksutgreiing. Dersom de ønsker ein kopi av dokumenta, kan de kontakte Stad kommune på tlf. 57885800. 

 

Eventuelle klager 

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende og i Fjordabladet tysdag 22.03.2024. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 12.04.2024.

Ei klage må rettast skrifteleg til Stad kommune og merkast med «20/1360» og sendast per e-post: post@stad.kommune.no  eller post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. 

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket. 

 

Erstatning/innløysing 

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må fremjast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.