Kurs i miljøtiltak i sjøaurebekkar

Har du ein bekk eller ei elv i nærområdet ditt, der du ynskjer å gjere tiltak for sjøaure eller laks? Då er dette kurset om habitattiltak i vassdrag det rette for deg. Frist for påmelding: 10. juni 2024.

Målgruppe: Elveeigarar og Jeger- og fiskarlag. I tillegg kan det vere mogeleg for vidaregåande skular i nærområda, kommunar og entreprenørar, men det må då gjerast særskilt avtale om dette og det blir då utan gratis overnatting.

Det er planlagt 3 kurs, under føresetnad av minst 10 påmeldte per kurs:

16.-17. august i Årdal
06.-07. september i Valestrandelva på Osterøy
20.-21. september i Måløy

Kursa er planlagt frå fredag kl 17.00 til laurdag kl 16.00 (endringar kan kome)

Påmelding innan 10. juni 2024 
til Hordaland jeger- og fiskarlag på e-post: hordaland@njff.no 

Meir informasjon:

Kurs om tiltak i sjøaurebekkar - Vestland fylke 2024.pdf (PDF, 251 kB)