Mindre endring av reguleringsplan for Flatraket sentrum - kunngjering av vedtak

Stad kommune gjorde 16.11.2023 administrativt vedtak om mindre endring av reguleringsplan for Flatraket sentrum.

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd, vert mindre endring i reguleringsplanen for Flatraket sentrum, planID 1441001, godkjent.

Omsøkte endring gjeld forskyving av arealformål innanfor gjeldande reguleringsgrense på gbnr. 289/113 og 290/4, lokalisert ved industriområde i Flatraket sentrum. Endringa medfører omfordeling av arealformål friområde, park/leik (FR1), og byggeområde, industri (I1). Storleiken på kvart arealformål vert uendra ved forskyving av formålsgrensene.

Saksdokument

Les meir om endringane her:

Vedtak og saksutgreiing

Heile saksgangen kan finnast her.

Eventuell klage

Vedtaket kan påklagast, jf. lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967 (fvl.) kapittel VI. Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunkt melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. fvl. § 29. 

Klage kan framsettast til Stad kommune per brev eller på e-post til: post@stad.kommune.no