Nyheiter frå landbrukskontoret: Kappedag 13.januar og PEFC-kurs 29.januar

Kappedag i Stad

Har du planar om å hogge tømmer sjølv i vinter for levering? Eller ynskjer du berre å lære meir om kva krav tømmerkjøparane set for innlevering av virke og generelt prate skog? 

Laurdag 13. januar inviterer Sogn og Fjordane skogselskap, AT skog og Stad kommune til kappedag på Eid. Her vert det ein gjennomgang av kvalitetskrava for dei ulike sortimenta for levering etter årsskiftet, tømmerprisar og andre ting som er viktig når du skal hogge skog. Det vert enkel servering, bålkaffi og godt høve til å oppdatere seg og snakke skog.

Inga påmelding, berre å møte opp! 

Tid og stad: Laurdag. 13 januar, kl. 12-15, Sørsidevegen v/ Skipenes. Det vert skilta frå E39.

 

PEFC-kurs 29. januar

Måndag 29. januar vert det arrangert PFEC-kurs for skogeigarar i Stad og Gloppen. Skal du hogge og levere tømmer sjølv til tømmerkjøpar, må du vere PFEC-sertifisert. PFEC er dokumentasjon på at tømmeret kjem frå ein skog som vert forvalta og hogd på ein berekraftig måte. PEFC-standarden er revidert og nye krav gjeld frå 2024.  Om du ynskjer å vere sertifisert, bør du nytte høvet til å ta kurset! Kurset vert halde av instruktør frå Skogkurs . Kurset vil finne stad innandørs. 

Pris pr. deltakar er 1250 kr for medlemmar av Skogselskapet i Sogn og Fjordane, eller 1950 for ikkje-medlemmar. Kurset kan du refundere frå skogfondet ditt. 

Kurset er eit samarbeid mellom Skogselskapet i Sogn og Fjordane, Ytre Nordfjord skogeigarlag, Gloppen skogeigarlag og landbrukskontoret for Gloppen og Stad. 

Tid og stad: Kommunestyresalen på Rådhuset på Nordfjordeid måndag 29. januar kl. 0900-1500.

Meld deg på her: https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx?id=52NmoVv3YEapLuiFzrgzGGe0TtpoymZMoR6YQ-EbiLNURUk4QldTOTFCQzVLSkdNTVVFQVQ5Q0dBRi4u

Kurset kan også takast digitalt her.