Ønsker velkomen til infomøte om dyrking av eigne grønsaker

Har du lyst til å lære meir om dyrking av grønsaker, dele erfaringar og kunnskap eller berre dyrke i lag med likesinna? No har du sjansen!

Samskapingsprosjektet Urbant landbruk i Stad inviterer no til eit infomøte for alle som er interessert i å vere med på dyrking av grønsaker på Torheim. Prosjektgartnar Ulf vil fortelle om vekstsesongen og kva som er planlagt framover. Han vil informere om ulike aktivitetar og når han treng fleire hender som kan hjelpe til.

Onsdag 23. mars kl 19.00-20.30, Eidsgata 9

Veggane i drivhuset er ferdig vaska, og her avsluttar Marie-Lou med å skure golvet. Om få veker er fleire hundre plantar på plass!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om drivhuset

Drivhuset ligg på Torheim, omtrent 20 min med bil frå Nordfjordeid sentrum. Her skal det dyrkast grønsaker i felleskap. Prosjektet er del av samskapingsprosjektet i Stad og handlar om å formidle kunnskap om dyrking av grønsaker, dele erfaringar, bli kjent med nye folk og få til nyttig samarbeid. Det skal også gje moglegheita til å dyrke grønsaker for dei som ikkje har eigen hage.

Tidlegare i år sådde Ulf, gartnaren i prosjektet, 25 ulike tomatsortar i alle regnbogens fargar, agurk, squash, aubergine, paprika, chilli, tomatillo, bønner og mange ulike krydderurte. Desse kal no flyttast til drivhuset. I benkar ute vil det bli dyrka grønnkål, gulrøtter, salat osv. Om du vil vere med å jobbe i drivhuset på Torheim så sei frå, men du kan også berre bli med på infomøte.

Prosjektgruppa og Stad kommune ønsker alle som er nyskjerrige på dyrking av grønsaker hjarteleg velkommen!