Skatt- og skogfondkveld

Lurer du på korleis du skal nytte skogfondet ditt best mogleg og kva er EIGENTLEG skogfond? 

Landbrukskontoret i Gloppen og Stad inviterer til skatt- og skogfondkveld tysdag 7. november på Nordfjordeid. 

Alle skogeigarar er pålagt å setje av til skogfond ved hogst, men kva skal desse pengane nyttast til? Og kva kan dei nyttast til? 

Møtet er aktuelt for både nye og gamle skogeigarar, men særleg viktig om du går med planar om å hogge tømmer, bygge veg eller nett har teke over ein landbrukseigedom med skog. 

Kursleiar er Arnt Laukeland, Sogn og Fjordane skogselskap. 

 

Tid og stad: Stad rådhus, Jektehola kl. 17.00 – 20.00. 

Kurset er gratis, enkel servering. 

 

Vel møtt!