Stenger Brunsvik-Almenningen på natta i veke 15

I samband med arbeid på Rv. 15 Brunsvik-Almenningen, må Statens vegvesen stenge vegen kvar natt frå måndag til fredag 8. - 12. april.

– Entreprenøren skal leggje ned nye stikkrenner og kummar innanfor anleggsområdet, og gjer arbeidet om natta, den tida på døgnet då det er minst trafikk. Vegen vil bli stengd frå kl. 23.00-05.00, med gjennomkøyring frå Brunsvik kl. 02.00 og frå Almenningen klokka 02.15, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Arbeidet finn stad kvar natt frå mandag til fredag. 

– Vi legg til rette for at utrykkingskøyretøy kan passera, presiserar Engebø.

Vidare kan vegen bli stengt inntil 15 minutt utanfor desse tidene, slik tilfellet har vore sidan arbeidet starta i november.

Statens vegvesen melder at prosjektet er i rute til å vera ferdig til planlagd sluttfrist i september.


Kontakt Statens Vegvesen:

Jørn Kristian Engebø 
Byggeleiar, Statens vegvesen, Drift og vedlikehold 

Tel: 951 91 891
jorn.engebo@vegvesen.no