Stønadsordningar og informasjonsmøte knytt til Friluftslivets år 2025

Miljødirektoratet og Gjensidigestiftinga lyser ut midlar i samanheng med Friluftslivets År og Vestland fylkeskommune arrangerar informasjonsmøte om tilskotsordningar og aktivitetar ut året. 

Gjensidigestiftinga har lansert ein tredels satsing, kalla «Naturglede». Midlane kan søkast på av sentralledda i friluftslivsorganisasjonar/Friluftsråda, og sentralleddet i andre landsomfattande organisasjonar. 

Miljødirektoratet har lyst ut 25 millionar i midlar som skal bidra til å markere Friluftslivets år i 2025.

Ordningane har kort søknadsfrist: 05.06.2024.

Informasjonsmøte: 
Tysdag 18.juni kl. 12-14, arrangerer Vestland fylkeskommune eit ope digitalt møte med informasjon om tilskotsordningar knytt til friluftsliv.
Her vil det bli gitt informasjon om kva moglegheiter de har framover, og de vil få gode dømer på aktørar som har fått til aktivitet.
Spørsmål knytt til dette møtet kan rettast Oddveig Bredesen på e-post Oddveig.Bredesen@vlfk.no

Møtelenke til infomøte 18.juni

 Påmelding er ikkje naudsynt – berre klikk på lenka når du skal inn i møtet.