Test av naudvarsel onsdag 10. januar

Klokka 12 onsdag 10. januar 2024 vert Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg testa over heile Norge i ein felles nasjonal varslingsprøve.

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet “Viktig melding – søk informasjon".

Dette skjer når Nødvarsel blir testa: 

  • Testen vert utløyst mellom klokken 11.55 og 12.10 den 10. januar 2024
  • Når du mottek testen vil telefonen vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund
  • Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.
  • Varselet kan "dragast" vekk eller fjernast ved å trykke "ok" (Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har).
  • Teksten i varselet kjem i to språkversjonar - éin norsk, der teksten står på bokmål og nynorsk, og éin engelsk. Kva telefon og språkinnstillinge du har avgjer om du får varselet på norsk, engelsk eller på begge språk

Les meir om varslinga

nodvarsel.no finn du meir informasjon om Nødvarsel på mobil.