Tilbod om meistringskurs 2024 - demens

Tilboda blir administrert av Aldring og helse, i samarbeid med Nasjonalforeninga for folkehelse, på oppdrag frå Helsedirektoratet og er ein del av pårørandetiltaka i Demensplan 2025. Kursa blir gjennomført i samarbeid med kompetansemiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta. 

Kurs i 2024

  • Møteplass for meistring 
    – Kurs for personar som har fått demens før 65 års alder saman med nær pårørande, fortrinnsvis partnar.

Seks årlege kurs i alle helseregionar i landet. Tre dager med overnatting. Deltakaravgift 1.000 kr per par for kost og losji. Reiseutgift med billigaste transportmiddel over 1.000 kroner per par vert dekt. 
For meir informasjon, datoar for kurs i dei ulike regionane og påmeldingsskjema 
 

  • Tid til å vere ung?
    – Landsdekkande helgekurs for unge mellom 18 og 30 år som har ei mor eller far med demens.

To årlege helgekurs. Startar fredag kveld og avsluttar med lunsj søndagen. Alle utgifter til reise og opphold blir dekte. For meir informasjon og påmeldingsskjema til helgekurset.
 

  • Kven ser meg? 
    – Sommarleir - Landsdekkjand sommarleir for barn under 18 år, saman med frisk forelder eller annan ressursperson. 

Datoar vert publisert så på våre nettsider. Fire dagar med overnatting. Alle utgifter til reise og opphald blir dekte. 
For meir informasjon og påmeldingsskjema til sommarleir
 

  • Andre aktuelle informasjonstilbod for barn og unge

Nettsider om demens: For barn: www.hvemsermeg.no. For ungdom og unge vaksne: www.tidtilåværeung.no

Podkasten “Tid til å vere ung”: Om å vere ung og ha ein forelder med demens.