Tilskot til tiltak i beiteområde og SMIL søknadar

 Beitelaga kan søkje på tiltak for å stimulere til auka beitebruk i utmark. Faste installasjonar som bruer og skiljeanlegg, sperregjerde og elektronisk sporingsutstyr vert prioritert.  

Har du ei SMIL-sak så hugs å søkje før 1.mars.

Er du usikker på noko gå inn på kommunen si heimeside og les på kva du kan søkje på. Der står også mykje å lese på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Ver tidleg ute med å søkje då du kanskje må hente inn opplysningar som t d prisar i kostnadsoverslag, historikk m m for å kome vidare i søknaden.

 

Søknadsfrist 1. mars

Det vil i år som i fjor bli prioritert søknader til tak over gjødsellager, tiltak for vilt pollinerande insekt, trua natur, redusere avrenning og risiko for avrenning frå jordbruk med vidare. Kort sagt alle gode tiltak som har med miljø og naturen vår å gjere.

De kan og ta kontakt med Bernt Reed tlf 97991052 eller Åse Marie Ravnestad tlf 97991051.

Meir informasjon finn du på her

Direkte til Landbruksdirektoratet - tilskot til tiltak i beiteområdet