Utdeling av kultur- og idrettspris for 2023

Vi gratulerer John Roar Øien med kulturprisen, Eline Jacobsen Lillestøl med ungdommens kulturpris og Johan Olav Smørdal Botn med idrettsprisen for 2023!

Prismottakarane blei i dag hylla med pengegåve, blomar, diplom og fine ord frå utvalsleiar for Samfunnsutvalet, Ståle Sandal, under årets siste kommunestyre.

Her kan du lese juryane si grunngjeving for prisane.

Kulturprisen 2023 - Jon Roar Øien
Juryen for tildeling av kulturprisen i Stad kommune har bestått av Samfunnsutvalet i Stad kommune.

«Jon Roar har gjennom fleire tiår vært ei ustoppeleg kraft i Nordfjord Nærradio. Gjennom sitt gode humør og utallige timar dugnadsarbeid har han gjeve radioopplevingar til tusenvis av Nordfjordingar, både born, unge, vaksne og eldre.

Jon Roar har i over 30 år sørga for at Nordfjord nærradio har komt på lufta. Først som reporter, og så dei siste 20 åra som redaktør og sjølve limet som held radioen saman. 

Han er alltid til stades når det skjer store hendingar. Til dømes Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord sine framsyningar, hingsteutstillinga, forskjellige dansefestivalar (Hornindal og Sel) og mykje meir. Han leia og direktesending på nærradioen frå val-vaken i Stad kommune, og han pratar like lett med ordførarkandidatar som ein ungdomsskuleelev eller fotballtrenar. 

Jon Roar har brukt tusenvis av timar på å få radioen til å fungere slik den gjer i dag. Med bingo på onsdagar og med sendingar kvar fredag. Han syter for opplæring av teknikarar og har vært drivkraft for oppgradering av studiolokala til nærradioen. Han har godt humør, og er allsidig i sitt virke. Utegåande reporter, redaktør, teknikar, valvake-journalist, bingo-vert, ja Jon Roar dekker det meste. 

For sitt langsiktige arbeide med Nordfjord Nærradio og sitt bidrag til kulturlivet i Stad kommune, meiner juryen at Jon Roar Øien er ein verdig mottakar av Stad kommune sin kulturpris for 2023.»
 

Ungdomens kulturpris 2023 - Eline Jakobsen Lillestøl
Juryen for tildeling av ungdomens kulturpris i Stad kommune har betått av Stad ungdomsråd.

«Eline Jacobsen Lillestøl har sidan ho var 6 år bidrege på tilstellingar i lokalsamfunnet med song – og danseunderhaldning, både gjennom kulturskulen og andre aktørar. Ho har vore med på fleire operaoppsetjingar, skulemusikalar og konsertar. I vår/sommar bidrog ho aktivt for å få med seg andre born, ungdommar og vaksne på det historiske utespelet Elskhug og Eksis. Ho var regiassistent, inspisient og hadde også ei rolle.

Ho har tidligere sett opp ein eigen musikal i Stad kommune med over 80 born og ungdom på scena. Ho sa sjølv, at grunnen til at ho ville gjennomføre dette etter at ho var ferdig med ei utdanning innan utøvande kunst i Brighton, var at ho ønskte å gje noko tilbake til lokalsamfunnet som ho meiner har betydd så mykje for ho i oppveksten.

Juryen meiner at Eline er ei rollemodell for barn og unge i Stad kommune. Hennar talent, lidenskap og evne til å inspirere andre, gjer ho til ein verdig vinnar av Ungdommens kulturpris 2023 i Stad kommune.»
 

 Idrettsprisen 2023 - Johan Olav Smørdal Botn
Juryen for tildeling av Idrettsprisen i Stad kommune har betått av Stad idrettsråd.

«Førre sesong var den andre sesongen som senior, og han vart nr. 2 i Norgescupen samanlagt. På sesongopninga førre sesong vart han nr. 10 der alle dei beste norske og franske løparane deltok. Under NM vart det ein 8. og 12. plass individuelt og bronse på stafetten for Sogn og Fjordane. Han vart også uttatt til å representere Norge i IBU‐cupen (nivået under World Cup). Han gjekk IBU‐cup avslutninga i Canada og kom heim med ein 1. plass, ein 2.plass og ein 3.plass. Dette året er han også tatt ut på rekrutteringslandslaget i skiskyttarforbundet Som junior er han blitt norgesmeister fleire gonger, og han har mange sigrar og pallplassar i norgescuprenn.»