Vårryddedagen 16. mars

Vårryddedagen er ein ny ryddekampanje som bidreg til å fjerne søppel frå norsk natur.

Laurdag 16. mars er det den nasjonale Vårryddedagen, en nasjonal ryddedugnad for å gjere naturen fri for eigarlaust avfall på avvege. Vi er avhengig av hjelp frå frivillige,  både for å gjere naturen fin til vår og sommer, og ikkje minst for å rydde før sjøfuglane kjem for å hekke på holmar og skjær langs kysten vår. I den forbindelse ønskjer Fjordane Friluftsråd og Hold Norge Rent å ha med så mange som mogleg på ryddedugnad, og invitera lag, organisasjonar, privatpersonar og skular til å arrangere sin eigen ryddeaksjon.

De kan rydde både på strand/fjære, vassdrag og i by/bygd. Dersom ein ønskjer å rydde andre dagar enn 16. mars er ein hjarteleg velkomen til det også så lenge det er før 15. april. Nokon stadar er det fortsatt snø, og dermed kan ein utsette ryddinga til den er vekk.

Hent utstyr nær deg
Hent ryddesekk og ryddehanskar hos eit av utleveringsstadane våre (typisk kommunehus, renovasjonsselskap eller lokal butikk, sjå https://fjordanefr.no/strandrydding/#utstyrslager for utleveringsstad nær deg.

Bestill gratis utstyr
Det kan òg bestillast ryddeutstyr gratis på www.Holdnorgerent.no.

Kvar gjer eg av avfallet?
Vi organiserar innleveringsplassar for eigarlaust avfall i alle våre medlemskommunar. Finn din kommune på vår nettside her: https://fjordanefr.no/strandrydding/

Før du levera avfallet må du opprette ein ryddeaksjon i Rydde: https://ryddenorge.no/. Er du/dykk ny på strandrydding, eller lura på kva ein bør tenke på når dykk skal rydde? Les meir på vår nettside her.

 

logo image- Plukk søppel og vinn premier

Når dykk ryddar kan dykk vere med i trekninga av mange fine premiar. Dette gjer de slik:

  • Her kan du hente og levere inn Kystlotteriets ryddesekker: https://elvoghav.no/prosjekter/kystlotteriet/her-kan-du-levere-hente-sekk/
  • Scan QR-koden på sekken eller klikk på lenka under og følg instruksjonane for å registrere sekken og motta lodd
  • Lever sekken til godkjent avfallsmottak, utsatt container eller avtal handtering med Fjordane Friluftsråd.
  • Registrer aksjonen på www.ryddenorge.no eller bruk rydde-appen på mobil. Knytt aksjonen til Fjordane Friluftsråd!
  • Del gjerne bilde av ryddeaksjonen på sosiale medier med #fjordanefr #kystlotteriet

Arranger ein ryddeaksjon https://fjordanefr.no/strandrydding/

Fjordane friluftsråd