Varsel om ekstremvêr

Meteorologisk institutt har nedgradert farevarselet på kysten av Nordfjord og Møre og Romsdal frå raudt til oransje.

Meteorologisk institutt melder at det ligg an til noko svakare vind enn først antatt, men understrekar at oransje varsel framleis er alvorleg, og at folk må respektere naturkreftene sjølv om varselet er nedgradert. 

Det er særleg frå onsdag 31. januar klokka 12 til torsdag 1. februar klokka 08.00 vinden truleg vil bli på det verste. Det vil også komme kraftige vindkast i indre strøk og i fjellområda. 
Melding frå Meteorologisk institutt

Kommunen følgjer situasjonen tett og gjer fortløpande vurderingar og tiltak for å hindre skade.  
Kommunen er koordinert og i tett dialog med naudetatar, Røde kors, sanitetslag og Statsforvaltaren i Vestland.

Skule og barnehage torsdag 1. februar

Skular og barnehagar som har vore stengde onsdag 31. januar vil ope att torsdag 1. februar. Skjer det hendingar som tilseier at avgjersla må endrast, vil informasjon om dette bli sendt ut tidleg torsdag morgon. 

Fare for straumbrot

Linja melder at om at ekstrem vind og stor nedbørsmengd gjev høg risiko for skade og hendingar som fører til brot på straumnettet. Her finn du info og kart som viser pågåande straumbrot i Linja sitt nettområde.

! Tryggleiksalarmar for heimebuande. Kommunen sine tryggleiksalarmar har ei batteritid på 24 timar ved straumstans. Ved tap av nett vil vi ikkje kunne motta alarmane. Kommunen vil i forkant vere i dialog med dei brukarane som nyttar alarmane ofte. Innbyggjarane må vere førebudde på mogleg reduksjon eller endring i tilbodet innanfor dei heimebaserte tenestene. 

! Beredskap. Oppstår det ein situasjon med straumstans og nedetid på mobil- og nettenester (over lengre tid) vil det i naudsituasjonar vere mogleg å ta kontakt med kommunen sitt beredskapsteam på følgjande stadar:

  • Nordfjordeid - Stad rådhus
  • Selje - Kommunehuset 
  • Leikanger - Stadlandet eldresenter / Fredly    
  • Flatraket - Flatraket skule

Anbefalingar / Slik kan du førebu deg 

Oppmoding frå Meteorologisk institutt ved farevarsel raudt nivå (klikk pil til høgre i rosa felt under farevarsel) 
Oppmoding frå Meteorologisk institutt ved farevarsel oransje nivå (klikk pil til høgre i rosa felt under farevarsel) 

  • Rødekors - beredskap ved ekstremvêr
  • Vi oppmodar om å sikre gjenstandar på eigedomen din i god tid før vinden tek seg opp. Lause gjenstandar kan vere farlege og gjere skade på menneske, bygningar og andre gjenstandar. 
    Det er elles viktig å følgje med på vêrmeldingane, samt råd frå kommunen og styresmakter.
  • Lad opp mobil og ev ekstra batteri
  • Ha stearinlys, fyrstikk/lighter, lommelykt med batteri eller parafinlampe tilgjengeleg 

Vakttelefonar

Liste over vakttelefonar i Stad kommune