Varsel om stor fare for snøskred

NVE har sendt ut varsel om STOR snøskredfare – faregrad 4 – i Vestland.

Varselet er gjeldande frå fredag 02.02.2024, og gjeld for indre del av kommunen.

Les meir på Varsling - Varsom.no

Statens vegvesen melder om at vegar i fylket vil bli stengde som følgje av ras og risiko for ras.
På Statens vegvesen si nettside 175.no finn du info om trafikk og stengde vegar.

Frå fredag 07.00-laurdag 07.00 er det også meldt om mykje nedbør (flom og regn, gult nivå) og auka fare for jord, sørpe og flomskred (oransje nivå) i heile Stad kommune.

Kommunen følgjer situasjonen tett og jobbar med tiltak.