Vårteljing av hjort

12., 19. og 26. april gjennomførar vi hjorteteljing i Stad kommune 

Kommunen og hjorteutvalet ønskjer at vårteljing skal gjennomførast i heile kommunen. Teljedato er fastsett til dei tre siste helgane i april.  I år vert dette 12., 19. og 26. april. Det skal teljast natt til laurdag kvar helg. Teljingane skal gjennomførast heilt likt kvar gong det same arealet skal teljast. Det bør teljast over store områder, samarbeid på tvers av jaktfelt/vald kan vere nødvendig. 

Teljinga er lettast å gjennomføre når to personar samarbeidar i bilen, ein lyser med tusenmeterslykt og ved hjelp av kikkert tel dyra medan den andre noterer på skjema. 

Det er dyr som står på innmark som skal teljast. Om andre hjelpemiddel vert nytta skal det noterast ned. Noter også ned tidspunkt og anna relevant informasjon på skjemaet. 

Skjema til teljing finn du her (DOCX, 29 kB)