Vedtak om å ta imot 115 flyktningar frå Ukraina

Stad Formannskap har i dag torsdag 24. mars handsama saka om mottak av flyktingar frå Ukraina. 

IMDI har oppmoda Stad kommune om å ta i mot 140 flyktningar, der 115 kjem frå Ukraina.

Formannskapet gjekk i dag inn for kommunedirektøren sitt framlegg om å ta imot til saman 140 flyktningar i år 2022, 115 av desse frå Ukraina. Saka skal endeleg handsamast i kommunestyret 31. mars.

Her kan du lese saka som er til politisk handsaming.

Behov for fleire busettingplassar i kommunane

Stad kommune kartlegg no kva offentlege bustadar/bygg som kan gjerast tilgjengelege for ukrainske flyktningar i vår kommune. Vi ønskjer også å få kartlagt privatpersonar eller organisasjonar som ønsker å tilby eller veit om tilgjengelege bustadar kommunen kan bruke til midlertidig innkvartering (mottak) eller til fast busetting.

Mange har allereie teke kontakt og tilbyr husrom til flyktningar frå Ukraina, og vi sett stor pris på at mange ønsker å bidra. Det er likevel behov for å få kartlagt fleire aktuelle bustadar.

- Har du ledig husrom/bustad du ønsker å gjere tilgjengeleg registrer her:

Registrer ledig bustad/husrom

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.

Sjå også UDIs informasjon for personer som ønsker å hjelpe flyktningar frå Ukraina