Vestland fylkeskommune inviterer til digitalt spelemiddelkurs

Vestland fylkeskommune inviterer til digitalt kurs om spelemiddelordninga. Kursa er for alle som skal søke om spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet for søknadsrunden 2026 eller i framtida.

Webinaret er retta mot alle som søkjer om spelemidlar og har som føremål å gje ei grunnleggjande innføring i prosessen ved å søkje spelemidlar. 

Deltaking krev påmelding.

 

Du kan velje mellom følgande datoar for webinaret:

Tysdag 16. september 2025 kl. 19.00-21.00

Torsdag 25. september 2025 kl. 17.00-19.00

Onsdag 15. oktober 2025 kl. 09.00-11.00

Minner om at søknadsfristen for søknadar inn til Stad kommune er 15.oktober 2025

 

Spelemiddelkurs 2025 - Klikk for stort bilete