Vil du påta deg eit viktig samfunnsverv? – Bli meddommar

I år skal kommunestyret velje meddommarar, skjønnsmedlemmar og medlem av forliksråd for perioden 1. januar 2025-2028. 

Kommunen skal velje meddommarar til tre ulike utval: 

  • Meddommarar til lagmannsretten – eit utval for kvinner og eit for menn, jf. domstollova § 64 
  • Meddommarar til tingretten – eit utval for kvinner og eit for menn, jf. domstollova § 65
  • Meddommarar til jordskifteretten – eit utval med like mange kvinner og menn, jf. jordskiftelova § 2-5 

Kommunen skal også fremje framlegg til skjønnsmedlemmar som skal veljast av fylkeskommunen. 

Informasjon frå Norges Domstoler om å vere meddommar 

Kva er oppgåvene til ein meddommar?

Meddommarar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å bli innkalla éin til tre gangar i året. Dei fleste rettssaker varar frå éin til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføre vervet. Dersom du tapar arbeidsforteneste, får du erstatning for denne.

Vervet som meddommer innebærer at du er ein av fleire meddommarar som skal dømme saman med juridiske fagdommarar.

Kven kan bli meddommar?

Lovverket stiller krav til kven som kan veljast til meddommar i Stad kommune.

Nokre av desse krava er at

  • Du er folkeregistrert i Stad kommune
  • Du er over 21 år og under 70 år ved start av valperioden 01.01.2025
  • Du snakkar og forstår norsk
  • Du er statsborgar i Norge eller eit anna nordisk land, eller har stått innført i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra
  • Utvalet skal bestå av like mange kvinner og menn
  • Utvalet skal ha ei allsidig samansetjing, slik at det best muleg representerer alle deler av befolkninga

 Sjå krav til vandel og kva stillingar du ikkje kan ha i domstolloven §70-72 

 

Frist for å melde seg var 05. april 2024.

 

Sjå video om det å vere meddommar 

(nynorsk tale - tekst på bokmål)