Personvernombod for Stad kommune

Det er oppretta felles personvernombod for Nordfjord. Personvernombodet jobbar for at personvernet til dei tilsette og innbyggarane i Stad kommune vert behandla i tråd med regelverket og god praksis.

Det er strenge internasjonale reglar om korleis vi som kommune skal lagre, vedlikehalde og slette personopplysingar.

Dersom du ber om det, kan du få innsyn i kva for personopplysingar som kommunen har registrert om deg og du kan be om at opplysingar som er feil vert retta opp. Personvernombodet skal vere kontaktpunkt for dei som er registrerte med personopplysingar i Stad kommune. Dette gjeld i utgangspunktet alle som bur i kommunen. 

Vidare skal ombodet sikre at personvernreglane vert følgt opp i kommunen. Rådmannen (databehandlaransvarleg) har pålagt personvernombodet å føre ei oversikt over kva slags behandlingar av personopplysningar kommunen gjer.

For tilsette i kommunen skal ombodet gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA) og følgje opp interne retningslinjer for handtering av personopplysingar. Ombodet skal samarbeide og vere kontaktpunkt mot Datatilsynet og kan spørje Datatilsynet om rettleiing i konkrete saker.

Personopplysningslova

Kontakt

Carl-Richard Nyborg-Christensen
E-post
Mobil 95 20 10 04