Innsynsrett

Under Innsyn finn du mellom anna snarveg til den kommunale postlista, du får tilgang til å søke etter saker, dokument og politiske møtesaker. 

Postlista som vi legg ut på kommunen si heimeside, gir ikkje fullt oversyn over dokumenta som kjem inn til eller blir sendt ut frå Stad kommune.

Kva finn du på postlista?

Postlista gir oversyn over inngåande og utgåande brev i kommunen på aktuell dag. Du vil også finne sjølve dokumenta dersom dei ikkje er unnateke innsyn. Det er reglane i offentleglova som avgjer om du har innsynsrett. 

Saker til politiske utval finn du i møteplanen. Der finn du også statusen på møta og kven av representantane som møtte. Postlista vert oppdatert kvar vekedag ca. kl. 10.00, med to dagar utsetting.  

Inngåande og utgåande brev må vere journalført for å kome på postlista. Dette betyr at brevet er motteke eller sendt ut. Saksdokument kjem på lista i møteplanen når dei er ferdigstilte.

Stad kommune brukar sak/arkivsystemet Acos WebSak. I dette programmet ligg det fleire arkivdelar. Dokument frå arkivdelane saksarkiv, eigedomsarkiv, planarkiv og møtearkiv vert lagt ut på postlista. Les meir om dette nedanfor.  

Kva finn du ikkje på postlista?

Det du finn på postlista er berre ein avgrensa del av kommunen sine samla dokument.  

Interne dokument

Dette er dokument der mottakar og avsendar er kommunen sine eigne saksbehandlarar. Interne dokument frå saksarkiv, eigedomsarkiv og planarkiv kjem ikkje på postlista. Heimelen for å unnta desse dokumenta er hovudsakleg § 14 i offentleglova.  

Arkiv med personregister

Arkivdelar med tilhøyrande dokument som er oppbygde med personregister kjem ikkje på postlista. Døme på dette er: 

  • personalarkiv
  • arkivet for utlån og tilskot formidla gjennom Husbanken
  • elevarkiv og arkiv over barnehagebarn 
  • klient- og pasientarkiv i helse og omsorg, sosialtenesta og barnevernstenesta 

Med unntak av personalarkivet, er desse arkiva unnateke innsyn på grunn av teieplikt § 13 i offentleglova. Dokumenta i personalarkivet er unnateke innsyn etter § 23, 1. ledd i off. lova.

Korleis søkje innsyn i eit dokument?

Dersom du ønskjer innsyn i eit dokument kan du finne dokumentet i postlista, søke etter saker eller dokument og be om innsyn direkte gjennom eigen innsynsknapp.

Du kan også sende ein e-post til post@stad.kommune.no og be om innsyn i ei konkret sak eller dokument.

Dersom du ikkje får svar innan fem verkedagar kan du rekne søknaden som eit avslag. Du kan då klage på avgjerda.

Skjema for klage