Detaljregulering for endring av område B21 i Golvsengane - Kunngjering av vedtak

Stad kommunestyre vedtok i møte 14.09.2023 sak nr. 23/130 detaljregulering for endring av område B21 i Golvsengane.

Golvsengane - område B21

Formålet med planendringa er å er å omregulere område B21 frå konsentrert småhusbusetnad til friområde i tråd med formannskapsvedtak 141/15 og tilbodet frå kommunen i 2019 om anten å kjøpe tomt B21, eller starte ei omregulering av feltet til friområde.

KS- 23/130:

Detaljregulering – Endring av område B21 i reguleringsplan for Golvsengane med plan-ID 2022005, vert i medhald av Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 12-14 vedteken. Kommunestyret sitt vedtak av detaljregulering – Endring av område B21 i reguleringsplan for Golvsengane med plan-ID 2022005 kan påklagast i medhald av Plan- og bygningslova §§ 1-9 og 12-12.

 

Eventuell klage

Eventuell klage må rettast skriftleg til Stad kommune og merkast med «21/2622» og sendast per e-post: post@stad.kommune.no  eller post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 05.10.2023 (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).

Sjå dokumenta i saka her:

Sak KS 23/130

Juridisk bindande plandokumenta: