Detaljregulering for Skottneset feriesenter - kunngjering av vedtak

Stad kommunestyre vedtok i møte 15.12.2023 sak 23/185 detaljregulering for Skottneset feriesenter.

KS-23/185 Vedtak:

Detaljregulering - Skottneset feriesenter med plan-ID 4649–2022011 blir i medhald av Plan- og bygningslova § 12-12 vedteken.

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Saksdokument

Plandokumenta er tilgjengeleg her:

Detaljregulering for Skottneset feriesenter - arealplaner.no

Her finn du vedtaket og saksutgreiinga.

Dersom de ønsker utskrift av ett eller fleire av dokumenta, kan de kontakte Stad kommune på tlf. 578 85 800.

Eventuell klage 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage må merkast med sak «22/2502», og sendast skriftleg per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova § 29. Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket.