Detaljreguleringsplan for næringsområde/masseuttak i Kviane - Utlegging til offentleg ettersyn

Eid kommune ved teknisk- og samfunnsutvalet vedtok i møte 22.10.2019, TSU-sak 077/19, å legge forslag til detaljreguleringsplan for næringsområde/masseuttak i Kviane – planID 2017003 – ut til offentleg ettersyn. Utlegginga har vore kunngjort på heimesida til Eid kommune, og er no vidareført til heimesida til Stad kommune.

Føremålet med detaljreguleringa er å legge til rette for legge til rette for uttak av masse med eit langsiktig mål å få etablert eit næringsområde vest for Norselva. Planframlegget omfattar også vedteken reguleringsplan for masseuttak/næringsområde på Nor – PlanID 2001009, og legg opp til at denne skal opphevast gjennom vedtak av detaljreguleringa her. 

Ein detaljreguleringsplan består av ei planomtale, føresegner og eit plankart. Plankartet og føresegnene er juridisk bindande for framtidig bruk og vern i det regulerte området. I planomtalen finn du meir informasjon om bakgrunnen for utforming av plankart og føresegner. Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak. 

Ynskjer du meir informasjon? 
Forslag til detaljreguleringsplan, saksutgreiing i TSU-sak 077/19 og relevante rapportar er tilgjengelege via lenkene nedanfor: 
1. TSU-sak 077/19 
2. Forslag til detaljreguleringsplan næringsområde/masseuttak i Kviane omfattar følgjande dokument: 
    Planomtale
    Plankart 
    Føresegner 
    Vurdering av innspel til planarbeidet ved planoppstart 
    ROS-analyse 
    3D-bilete med illustrasjon av tiltaket 

Har du synspunkt på planforslaget?


Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar. Frist for å kome med uttale er sett til fredag 14. februar 2020. 
Uttale skal merkast med «17/191» og sendast per e-post: post@stad.kommune.no eller post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. 

Vidare handsaming 


Når høyringsfristen er ute, vil rådmannen samanfatte innkomne uttaler og vurdere desse før saka vert endeleg behandla. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader vil det vere aktuelt å gjennomføre den endelege behandlinga i mars 2020. Partar i saka vil få tilsendt melding om vedtak.