Detaljreguleringsplan for ny Skipenes bru - Melding om vedtak

Kommunestyret i Eid vedtok i møte 3. oktober 2019, KS-sak 081/19, detaljregulering for ny Skipenes bru.

Formålet med detaljreguleringa er å legge til rette for bygging av ny Skipenes bru, og avsetting av areal til anleggsområde i samband med byggearbeidet.

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan består av ei planomtale og juridisk bindande plankart og føresegner, jf. plan- og bygningslova kapittel 12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Informasjon om reguleringsplanen

I saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket og vurdering av innspel til planarbeidet. Nedanfor er lenkjer til dokumenta i saka:

Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Stad kommune på tlf. 57 88 58 00.