Detaljreguleringsplan for utviding av Kjølsdalen gravplass - Melding om vedtakKommunestyret i Eid vedtok i møte 05.12.2019, KS-sak 094/19 detaljregulering for utviding av Kjølsdalen gravplassFormålet med detaljreguleringa er å legge til rette for utviding av gravplasskapasiteten i Kjølsdalen, og utviding av parkeringsarealet.Kva er ein reguleringsplan?Ein reguleringsplan består av ei planomtale og juridisk bindande plankart og føresegner, jf. plan- og bygningslova kapittel 12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.Informasjon om reguleringsplanenI saksutgreiinga kan du finne meir informasjon om sjølve vedtaket og vurdering av innspel til planarbeidet. Nedanfor finn du lenker til dokumenta: Saksutgreiing KS-sak 094/19 Detaljregulering for utviding av Kjølsdalen gravplass Planomtale Plankart Føresegner (PDF, 76 kB) ROS-analyse Støyanalyse Rapport - Grunnundersøkingar Innspelsskjema Innspelsskjema for 2. varsling (Planoppstart vart varsla to gonger, pga. utviding av planområdet) Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de ta kontakt med Stad kommune på tlf. 57 88 58 00. Publisert 07.01.2020 13.03 Sist endra 07.01.2020 13.04