Har du innspel til "Planprogram for revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel"?Stad formannskapet vedtok i møte 14. november 2024 å legge ut forslag til planprogram for revidering av kommuneplanen sin samfunnsdelen til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel til planforslaget er måndag 20.januar!Planprogrammet for revidering av samfunnsdelen har som funksjon å opplyse om formålet med revidering av planen, korleis planprosessen er tenkt gjennomført, avgrensing av revideringsomfang og korleis ein skal legge til rette for informasjonsutveksling og deltaking i planprosessen.Høyringsutkast - Plangram for revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 2 MB)Vedtak om å starte arbeidet med revidering av kommuneplanen sin samfunnsdelen i haust 2024 vart gjort av Stad kommunestyre i møte 12. september 2024 , i sak om godkjenning av «Utviklingsplan for 2024-2028. Kommunal planstrategi.»Revidering skal handle i hovudsak om:Endring av målstrukturForankring av satsingsområdaRevidering av arealstrategianeGi innspel!Du kan gi skriftleg innspel via:Elektronisk innspelsskjemapr. e-post: merk med «Uttale til planprogram for revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel», send til post@stad.kommune.noeller brev: merk med med «Uttale til planprogram for revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel», send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.Frist 20.januar 2025Vidare behandlingNår fristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planprogrammet vert lagt fram for endeleg behandling i starten av 2025. Vidare vert arbeidet med revidering av planen sett i gang. Publisert 18.11.2024 14.01 Sist endra 29.11.2024 10.52