Høyring og offentleg ettersyn av detaljregulering for Leikanger sentrum

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) §12-10 vedtok utval for areal og eigedom, i møte 10.03.2020, sak 20/032, å leggje Detaljregulering for Leikanger sentrum ut på høyring og offentleg ettersyn.

Vedtak:

Med heimel i Plan- og bygningsloven § 12-10, vert forslag til detaljregulering for Leikanger sentrum lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Høyringsperiode er mellom 13.03.-08.05.2020.

 

Føremålet med planen er å fornye plangrunnlaget, samt sikre god framtidig arealbruk i Leikanger sentrum med omsyn til;

* bustad

* næring

* trafikktryggleik

* universell utforming

* tilgang til ulike aktivitetar

* areal til nye aktivitetar

* parkeringsløysing

* løysing for busstopp

* tilrettelegging av uteområde og møteplassar

 

Planen er vurdert til å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing.

 

Lenke til planforslaget, med tilhøyrande føresegner, plankart, saksframlegg og andre sentrale saksdokument finn du her.

 

Sjå kva endringar planen legg for din eigedom. Ta kontakt dersom de har spørsmål til plandokumenta. Har de merknader eller innspel til planframlegget, kan desse rettast skriftleg til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, eller elektronisk til post@stad.kommune.no, innan 08.05.2020. Merk brev/e-post med "sak 20/1360"!