Kartlegging av friluftsområder

 

Denne hausten skal Stad kommune kartlegge og verdisette alle område som nyttes til friluftsliv i kommunen. Alt skal med, frå større turområde på fjellet til små grønkorridorar mellom bustadområde.

Vi ynsker innspel på alle små og store områder som nyttast til friluftsliv slik at kartlegginga blir så god som mogleg.

Møt oss i Eidsgata 9 (gamle Narvesen) fredag 18. september kl 12-17 eller i innbyggertorget i Selje torsdag 24. september kl 13-18

Formål med kartlegginga er å få på plass eit betre kunnskapsgrunnlag om friluftslivsområda i kommunen, eit temakart. Areal for friluftslivets i kommunen har stor identitets- og trivselsskapande verdi. Dei er viktige for det helsefremjande arbeidet og ein viktig ressurs også for næringslivet i kommunen.
Et temakart for friluftslivsområda, utarbeidd etter en nasjonal metodikk, vil:
→ Sikre god tilgang på relevant friluftslivsinformasjonen i kommunen sitt eige arbeid og for eksterne partar
→ Sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for utviklingsarbeid innan friluftsliv i kommunen
Resultat:
Digitalt temakart blir lagra i Naturbase. www.naturbase.no

Karlegginga blir utarbeida etter Miljødirektoratet sin veiledar: https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/M98/M98.pdf