Lokal forskrift om gebyr for tilsyn med mindre avløpsanlegg og gebyr for behandling av utsleppsløyve er vedteke

Lokal forskrift om gebyr for tilsyn med mindre avløpsanlegg og gebyr for behandling av utsleppsløyve vart godkjent av kommunestyret 15.12.2023.

Stad kommunestyre vedtok «Lokal forskrift om gebyr for tilsyn med mindre avløpsanlegg og gebyr for behandling av utsleppsløyve» i sak KS 23/187 den 15.12.2023, med heimel i ureiningslova § 52a, ureiningsforskrifta § 11-4 og forvaltningslova § 37.

KS- 23/187 Vedtak:  

  1. Lokal forskrift om Gebyr for tilsyn med mindre avløpsanlegg og gebyr for behandling av utsleppsløyve vert vedteken slik den ligg føre. 
  2. Eksisterande lokal forskrift Gebyr for sakshandsaming og kontroll/tilsyn av mindre avløpsanlegg vert oppheva.  

Les meir om saka her