Mindre endring av detaljregulering for Moldestad næringsområde - kunngjering av vedtak

Stad kommune gjorde 18.12.2023 administrativt vedtak om mindre endring av detaljregulering for Moldestad næringsområde.

Stad kommune har gjort ei endring av detaljregulering for Moldestad næringsområde (planID 1441201904) etter forenkla prosess, jf. plan- og bygningslova § 12-14. Vedtaket er fatta administrativt ved delegasjon.

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd, vert mindre endring i detaljregulering for Moldestad næringsområde, planID 1441201904, godkjent.

Endringa gjeld justering av føresegnene 3.1.1 1300 – Næringsbygningar (5), NÆ og 3.7.1 Før tiltak i planen, samt ei mindre endring av plankartet, der sikringssona på 5 meter som er inkludert i føresegnsområda #1 og #2 på NÆ3 skal takast vekk.

Saksdokument

Les meir om endringane her:

Vedtak og saksutgreiing

Eventuell klage

Vedtaket kan påklagast, jf. lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967 (fvl.) kapittel VI. Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunkt melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. fvl. § 29. 

Klage kan framsettast til Stad kommune per brev eller på e-post til: post@stad.kommune.no