Mindre endring av detaljregulering for Selje hotell - kunngjering av vedtakStad formannskap vedtok i møte 01.12.2023 sak 23/144 endring av detaljregulering for Selje hotell, planID 2020005.Følgjande vedtak vart gjort:FS-23/144 Vedtak:Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd vert endring i detaljregulering for Selje hotell godkjent, med følgjande vilkår:Avkøyrslepil frå o_KV1 (fylkesveg 5752) til gbfnr. 256/1/92 må takast ut. Plankartet må vise o_KV3 som felles avkøyrsle til gbnr. 256/285 og gbfnr. 256/1/92 med sikttrekant, omsynssone og utforming i samsvar med handbok N100 Veg- og gateutforming. Eventuelle fråvik frå N100 må vere godkjent av fråviksmynde i Vestland fylkeskommune før det kan gjevast igangsettingsløyve til tiltak på eigedomen.Eksisterande avkøyrsle til gbfnr. 256/1/92 må stengast når ny avkøyrsle til Selje hotell, o_KV3, er etablert. Juridisk punkt for stenging av avkøyrsle må leggast inn i plankartet, med tilhøyrande rekkefølgjekrav i føresegner. Meir informasjon om endringane finn du i saksutgreiinga og oppdaterte plandokument:Vedtak med saksutgreiing og vedleggPlanføresegner - oppdatert etter vedtak (PDF, 170 kB)Plankart - oppdatert etter vedtak (PDF, 619 kB)Planomtale - oppdatert etter vedtak (PDF, 4 MB)Heile saksgangen er tilgjengeleg her.Eventuell klageVedtak av mindre endring av detaljregulering for Selje hotell kan påklagast med heimel i plan- og bygningslova § 1-9. Berørte partar vert varsla direkte ved brev. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 tre veker etter at parten har motteke melding om vedtak.Ei klage må rettast skriftleg til Stad kommune og merkast med “23/3534” og sendast per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillar, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket. Publisert 18.12.2023 14.03 Sist endra 20.11.2024 15.12