Mindre endring av reguleringsplan for Flatraket sentrum - kunngjering av vedtakStad kommune gjorde 16.11.2023 administrativt vedtak om mindre endring av reguleringsplan for Flatraket sentrum.VedtakMed heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd, vert mindre endring i reguleringsplanen for Flatraket sentrum, planID 1441001, godkjent.Omsøkte endring gjeld forskyving av arealformål innanfor gjeldande reguleringsgrense på gbnr. 289/113 og 290/4, lokalisert ved industriområde i Flatraket sentrum. Endringa medfører omfordeling av arealformål friområde, park/leik (FR1), og byggeområde, industri (I1). Storleiken på kvart arealformål vert uendra ved forskyving av formålsgrensene.SaksdokumentLes meir om endringane her:Vedtak og saksutgreiingHeile saksgangen kan finnast her.Eventuell klageVedtaket kan påklagast, jf. lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967 (fvl.) kapittel VI. Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunkt melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. fvl. § 29. Klage kan framsettast til Stad kommune per brev eller på e-post til: post@stad.kommune.no. Publisert 05.12.2023 15.03 Sist endra 20.11.2024 15.12