MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Offentleg ettersyn - løyve til etablering av ny oppdrettslokalitet

Offentleg ettersyn - løyve til etablering av ny oppdrettslokalitet

Eide Fjordbruk AS søkjer om løyve til etablering av ny oppdrettslokalitet
for laks, aure og regnbogeaure ved Torvneset i Stad kommune.

Omsøkt storleik på lokaliteten er 3600 tonn MTB. Lokaliteten ligg
innanfor eit område avsett til akvakultur i gjeldande kommuneplan
for Eid kommune for perioden 2015-2027.
Søknad med tilhøyrande dokument er tilgjengeleg på Stad kommune
sine nettsider www.stad.kommune.no . Søknaden med tilhøyrande
dokumentasjon er også lagt ut og er tilgjengeleg på kommunehuset
på Eid.

Klikk for stort bileteUttalefristen er utsett med ei veke grunna eit par dagar med tekniske problem knytt til søknadsdokumenta. Ny frist for merknader til søknaden er dermed 18.02.2020. Merknadane skal framleis sendast til [adresse]»
Merknader til søknaden må sendast skriftleg til
Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid eller på mail til
post@stad.kommune.no

Innsyn