Offentleg ettersyn -Mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for Eid 2015-2027

Ved handsaming av søknadar om etablering eller endring av plassering av akvakulturanlegg, ser ein behovet for ei mindre endring av føresegnene til kommuneplanen sin arealdel forEid 2015-2027. Dette er m.a fordi føresegn 4.3 Akvakultur, ikkje opnar for at fortøying av eit oppdrettsanlegg kanskje utanfor formålsgrense for akvakultur. Det må difor søkast om dispensasjon frå planføresegn 4.3som er tidkrevjande både for næringsaktøren og kommunen. Difor vert det lagt opp til ei mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for Eid 2015-2027, jf. pbl. § 11-17.

Saka om mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for Eid 2015-2027 vart handsama av; 
Utval for areal og eigedom i sak 20/084 09.06.2020 
Utval for kultur, idrett, samfunn og næring i sak 20/053 09.06.2020 
Stad formannskap i sak 20/070 11.06.2020 
I medhald av vedtak i saka vert den sendt på høyring og offentleg ettersyn til fylgjande høyringsinstansar; 
Fylkesmannen i Vestland Vestland fylkeskommune 
Fiskeridirektoratet Kystverket Nordfjord Hamn IKS 
Nabokommunane Kinn og Bremanger 
Sogn og Fjordane småfiskarlag 
Norges fritids-og småfiskerforbund 
Høyringsfrist er sett til 28.08.2020. 
Merk innspel/merknad med Innspel/merknad til mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for Eid 2015-2027, arkivsak 20/2777 og send innspelet til Stad kommune Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid eller på e-post til post@stad.kommune.no.