Offentleg høyring - forskrift om politivedtekt

Offentleg høyring - forskrift om politivedtekt

Stad formannskap har vedteke at framlegg til Forskrift om politivedtekt, Stad kommune, Vestland fylke vert lagt ut på offentleg høyring slik den ligg føre. 


Føresegnene i normalpolitivedtekta opplyser om kva som kan regulerast i politivedtekt med heimel i politilova § 14. Det er ønskjeleg at kommunane nyttar systemet og ordlyden i normalpolitivedtekta for dei føresegnene som kommunen ønskjer å vedta.
 

Framlegg til forskrift om politivedtekt

Framlegg til Forskrift om politivedtekt, Stad kommune, Vestland fylke (PDF, 325 kB)

Sei di meining innan 15. august

Vi ønskjer innspel til framlegget til politivedtekt. Send skriftleg innspel via elektronisk innspelsskjema, e-post til post@stad.kommune.no eller via post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid innan 15. august 2020. Merk med: «Innspel til politivedtekt».

Kven kan uttale seg – og om kva?

Alle interesserte kan uttale seg – både privatpersonar, frivillige lag og organisasjonar, interesseorganisasjonar, næringsliv og formelle høyringsinstansar.

Vidare handsaming

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før politivedtektene vert lagt fram til behandling i kommunestyret. Forskrift til politivedtekt skal så til Politidirektoratet for legalitetskontroll, stadfesting og kunngjering i Norsk Lovtidend. Det er lagt opp til vedtak i kommunestyret i september 2020.