Omlegging av 132 (66) kV Eid transformatorstasjon - Vedtak om konsesjon

NVE har fatta vedtak om å gje SFE Nett anleggskonsesjon og oreigningsløyve til å byggje og drive fleire nye 132 kV elektriske jordkablar og luftleidningar, samt rive nokon eksisterande luftleidningar i Stad kommune i Vestland fylke. 

Leidningane det vert gjeve løyve til å endre på er 66 kV Eid-Åmela, 66 kV Eid-Leivdal og 66 kV Øksenelvane-Eid. Det det vert gjeve løyve til å byggje til saman 600 meter ny luftleidning, 1,8 km ny jordkabel og løyve til å rive til saman 11,5 km luftleidning. Grunngjevinga for vedtaket er at Statens vegvesen planlegg å byggje om Skipenes bru.

I staden for ein midlertidig kabel er det ei betre samfunnsøkonomisk løysing og forskottere naudsynte oppgraderingar av nettet.

Detaljar kring konsesjonen - med bl.a. kart som viser traseane det er gjeve konsesjon til - finn du på NVE si publisering av konsesjonssaka.